Kva er Google Analytics og kvifor bør du bruka det?

StockSnap_ASEQPBZMMX.jpg

Veit du kor mange som besøker nettstaden din dagleg? Korleis kjem dei inn på sida di? Går dei ut att med ein gong, eller klikkar dei seg rundt? Brukte dei mobil eller datamaskin? Om du kan svara på desse spørsmåla har du truleg ein stor fordel i kampen om potensielle kundar.

Analytics er Google sitt gratis verkty for å måla og rapportera trafikk på nettsider. Her kan du lesa det meste om dei som besøker nettstaden din. 

Det er svært nyttig å kunna måla effekten av ulike ting du gjer. Auka trafikken på websida dagen annonsen stod i avisa? Såg mange dei nye produkta dine etter du publiserte Facebook-innlegget? Utan eit målingsverkty hadde du aldri fått vita at 95% av dei som klikka seg inn på det siste blogginnlegget ditt forsvann ut att etter rundt ti sekund. Innhaldet levde ikkje opp til forventningane den spekulative og pirrande overskrifta di gav.

Sosiale media gjev deg statistikk over kor mange som ser eit innlegg og kor mange likes det får til dømes. Men korleis veit du om alle tomlane opp har noko å sei for omsetninga i butikken din? Dette kan du få svar på om du les statistikken til Google Analytics.

Analytics kan leggast inn i alle nettsider. Glynt implementerer statistikktenesta som standard i alle nettsider me leverer.

Har du spørsmål om korleis du legg inn Google Analytics på nettsida di, eller vil du vita meir om kva statistikken kan hjelpa deg med? Me er tilgjengelege og klare for å svara på det du lurar på.

Glynt