Er du ramma av Facebook-skandalen?

cambridge-analytica-facebook.jpg


Kor mykje informasjon har eigentleg Facebook om deg?
– Slik finn du det ut

Informasjonen til 87 millionar Facebook-brukarar er seld til det omstridte analyseselskapet Cambridge Analytica. Analyseselskapet har fått private opplysningar frå Facebook gjennom appen «This is Your Digital Life». Eit døme på kven som har kjøpt og brukt analysar frå selskapet er valkampstaben til Donald Trump. Kun 17 personar i Noreg har lasta ned appen, men om ein reknar med Facebook-venene til desse, kan det potensielt dreia seg om 37.550 nordmenn.

Om dine private Facebook-opplysningar er delt med Cambridge Analytica kan du enkelt finna ut ved å trykka her. Du må vera innlogga på Facebook.

Du kan og enkelt finna ut kor mykje informasjon Facebook har om deg. Logg inn på Facebook, gå vidare på «Innstillingar» og «Generelt». Nedst, under dei generelle brukarkontoinnstillingane er det ein link som heiter «Last ned ein kopi av informasjonen din på Facebook». Trykk på den og last ned. 

Har du spørsmål om sosiale media eller digital marknadsføring? Ikkje nøl med å kontakta oss.

 

Kjelder: bt.no og Facebook.
Bilete: The Telegraph/Getty

Glynt