Glynt AS er eit lite reklame- og designbyrå i Øystese. Firmaet vart etablert i 2017, men folka har jobba i bransjen i mange år før dette. Me hjelper bedrifter og organisasjonar med å få ting på plass – frå logo og visuell profil til nettsider, marknadsføring, trykksaker, folie og dekor.
Du treng ikkje ha ein ferdig idé når du kjem til oss. Me kan hjelpe deg å finne ut kva du treng, finne ei god løysing og få jobben gjort.
Og fordi me kan jobbe med både design, digitalt, trykk og dekor, kan me ofte ta meir av jobben enn du kanskje hadde tenkt.
Me held til i Øystese og jobbar med både små og store kundar – fyrst og fremst i Hardanger, men også andre stader.
Har du noko du skulle fått gjort? Kom innom, ring oss eller send ei melding.
post@glynt.no
Eirik Kvarv - eirik@glynt.no - 957 35 195
Bodil Eide Laupsa - bodil@glynt.no - 917 11 224