Nettsider og digital
marknads­føring

Digitalt? Me fiksar det.

Ny nettside, betre synlegheit eller hjelp med det digitale? Me tek jobben frå idé til ferdig løysing.

Me designar og byggjer nettsider, hjelper deg med innhald og sørgjer for at kundane dine finn deg på Google. Du treng ikkje ha planen klar – det hjelper me deg med.

Du treng berre å fortelje oss kva du treng. Så fiksar me resten.

Glynt får deg på nett

Vel ein av startpakkane under for å få ein nettstad tilpassa di bedrift og dine behov. Usikker på kva pakke du treng? Ta kontakt, så hjelper me deg.

ENKEL

For verksemder og organisasjonar som ynskjer ein liten og enkel nettstad.

  • Enkel nettstad med opp til 8 undersider

  • Mobiltilpassa maldesign – med din logo og dine fargar

  • Enkel redigering – ein brukar

  • Enkel statistikk

Oppstart frå kr 7 000,-
Månadleg kostnad frå kr 390,-

STANDARD

For dei som ynskjer meir fleksibilitet og har planar om fleire funksjonar i framtida.

  • Fleksibelt design – tilpassa din profil

  • Ubegrensa antal undersider

  • Fleksibel og utvidbare løysingar – start enkelt og utvid med til dømes nettbutikk, fleire språk, kundeportal eller booking seinare utan å måtte starte på nytt.

  • Brukarvenleg redigering - Ubegrensa antal brukarar

  • Google Analytics

Oppstart frå kr 15 000,-
Månadleg kostnad frå kr 690,-

Glynt gjev deg kontroll

Ynskjer du å fokusera og bruka tida di på det du kan? Glynt kan ta seg av nettstaden for deg – slik at du har kontroll. Vel eit av alternativa under alt etter kor mykje du vil ha hjelp til.

KONTROLL

Glynt fylgjer med på nettstaden din og oppdaterer innhaldet når du treng det.

Alt i Enkel eller Standard pluss:

  • Glynt tek seg av oppdateringar av innhald (t.d. tekst, bilete, video)*

  • Glynt tek kvartalsvis gjennomgang av nettstad og kjem med forslag til forbetringar

Oppstartspris frå startpakken du har valgt.
Månadleg kostnad frå kr 1 590,-

*Innhaldsproduksjon er ikkje inkludert

FULL KONTROLL

Glynt tek seg av nettstaden din og optimaliserer slik at du når endå betre fram til kundane dine.

Alt i Kontroll pluss:

  • Kvartalsvis statistikk-gjennomgang og rapportering/analyse

  • Kvartalsvis SEO-oppfølging

  • Enkel SoMe-plan

  • Oppsett og oppdatering av Google MyBusiness

Oppstartspris frå startpakken du har valgt.
Månadleg kostnad frå kr 2 490,-

Nettsider me har fiksa

Botnen Entreprenør

Hardangerbadet

Kunsthuset Kabuso

H2 Hardanger

Tannlegane Klyve & Bergesen

Sjusete skisenter og Kvam LSK

Hardanger golfklubb

Hardanger fartøyvernsenter

Hardanger Historielag

M3 Betong AS

Kleppe møbelfabrikk

ØMV Bilsenter

Kvam Security / Hardanger Vaktselskap

Nettbutikk

Skal du selje på nett?

Me hjelper deg med å setje opp nettbutikk – med eller utan betalingsløysing. Me sørgjer for at butikken blir enkel å administrere og enkel å handle frå.

Du treng ikkje ha kontroll på det tekniske. Det fiksar me.

Webdesign

Treng nettsida di eit uttrykk?

Me designar nettsider som passar både verksemda di og dei som skal bruke sida. Me kan lage eit skreddarsydd design, ta utgangspunkt i ein ferdig mal eller kombinere dei to.

Du fortel oss kva du likar. Me fiksar resten.

Søkemotoroptimalisering (SEO)

Får kundane dine auge på deg?

Det hjelper lite å ha ei god nettside dersom ingen finn henne. Me optimaliserer nettsida di for Google og hjelper deg å verta meir synleg når kundane søkjer etter det du tilbyr.

Me fiksar at du blir lettare å finne.

 

Publiseringsløysing

Vil du kunne oppdatere nettsida sjølv?

Me hjelper deg å finne ei publiseringsløysing som passar for verksemda di – både når det gjeld funksjonar, bruk og pris.

Me set opp. Du kan publisere.

Sosiale media

Treng du hjelp med sosiale media?

Me hjelper deg å få meir ut av annonseringa di på sosiale media. Me kan planleggje kampanjar, lage innhald og setje opp annonser som treff dei du vil nå.

Du treng ikkje sitje og lure på kva du skal poste. Me kan fikse det.

Kva nettsideløysing passar for deg?

Usikker på kva du treng?

Det finst mange måtar å lage ei nettside på. Me hjelper deg å finne løysinga som passar for deg, verksemda di og budsjettet ditt.

Du treng ikkje vite kva du treng. Det er derfor du har oss.