Kvifor viser ikkje nettsida mi øvst på Google?

arthur-osipyan-455426-unsplash.jpg

Du har fått deg ny nettside, men likevel kjem du langt nede i søk på Google – om du då viser i det heile. Mange trur det held å leggja ut ei ny side for å verta synleg. Så enkelt er det diverre ikkje. Her er nokre av dei vanlegaste årsakene til at internettsider ikkje vert så synlege som eigaren ynskjer.

Lite eller dårleg innhald
Google rangerer sider med mykje og relevant innhald høgare enn dei som knapt nok fortel kva dei driv med. Står det noko om det du vil verta funnen på på nettsida? Årsaka til at du ikkje er synleg når ein søkjer «lusekofte» kan vera så enkelt som at ordet «lusekofte» ikkje er nemnt på nettsida di.

Lite arbeid med søkemotoroptimalisering (SEO)
Søkemotoroptimalisering er arbeid med blant anna tekstar, titlar, lenkjer, menyar og nøkkelord for at sida di skal verta mest mogleg synleg på Google. Dette er arbeid som tek lang tid. Det kan ta mange månader før ein ser noko resultat, men om ein jobbar systematisk med dette og føl med på kva som fungerer og ikkje, vil ein ha god nytte av arbeidet ein legg ned på lengre sikt.

Sida fungerer ikkje på mobiltelefon
At internettsida viser skikkeleg på mobilar og nettbrett, at den er såkalla responsiv, er svært viktig i dag. Google nedprioriterer sider som ikkje er mobilvenlege. Å måtta zooma inn og ut på ei side på mobilen er veldig 2011 og irriterande for dei fleste. Irriterande nettsider navigerer ein gjerne raskt bort frå. Når me veit at over halvparten av besøk på mange sider kjem frå mobiltelefonar, seier det seg sjølv at dette må prioriterast.

Nettsida er treig
Noko som er endå meir irriterande enn å zooma på mobilen, er ei treig internettside. Går det for sakte, går me raskt ut att og finn nokon andre som kan hjelpa med det me var ute etter.

Nettsida er ikkje brukarvenleg
Det hjelper lite om sida di ser fin ut og har mange flotte funksjonar og ting som bevegar seg om brukarane ikkje finn det dei er ute etter. Om det ikkje er lett å finna ut kva du sel eller når butikken opnar, forsvinn potensielle kundar raskare enn dei kom.

Treng du hjelp til å verta meir synleg, eller ynskjer du rettleiing i kva du kan gjera for å koma høgare opp i søk på Google? Ikkje nøl med å kontakta oss.

 

Glynt