Fargar seier meir enn du trur

girl-2696947_1920.jpg

Fargar engasjerer, vekkjer kjensler og kan vera handlingsutløysande. Fargar påverkar oss på mange måtar, me lar oss engasjera og inspirera. Dine fargeval har mykje å sei for korleis kundane oppfattar merkevara di. Me føretrekkjer merkevarer me lett kan kjenna att, fargar er det aller fyrste me legg merke til.

Visste du at...
... 90% av raske avgjerder som vert tekne på vegne av eit produkt, kjem av fargane som er nytta?
... 2 av 3 forbrukarar lar vera å kjøpa eit større produkt om det ikkje kjem i ynskt farge?
... Fargeannonser er 26% meir effektive enn svart-kvit annonser?

Kva tyder fargane?
Alle fargar vekkjer  kjensler og oppmuntrar til ulike handlingar. Eit par døme:

Blå: ein farge som representerer tillit, sikkerheit, intelligens, stabilitet, fred og ro. Er godt likt av både kvinner og menn og vert nytta av f.eks bankar for å skape tillit og sikkerheit overfor sine kundar.

Raud: ein farge som representerer lidenskap, energi, tempo, begeistring og fare. Restaurantar nyttar ofte denne fargen for å stimulera apetitt.

Populære fargar 2017: lyse nyansar av grøn, blå og raudbrun
Fargetrend 2018?: I år vert mørke jordfargar som blå og raudbrun nytta mykje, seier ekspertane.

Seier fargen det rette om merkevara di? Kommuniserer logoen det du ynskjer?


Ta gjerne kontakt for eit uforpliktande og kreativt møte med oss om du er ute etter å friska opp, fornya eller etablera ny profil!

Heidi Flotve