Facebook skal prioritera familie og vener meir

Mark Zuckerberg. Foto: digitaltrends.com

Mark Zuckerberg. Foto: digitaltrends.com

Facebook har igjen gjort om på kva du ser på veggen din. No skal familie og vener prioriterast endå høgare. Kva vil dette bety for deg?

Facebook har allereie byrja slå ned på luretitlar (såkalla ”click bait”), oppfordringar til engasjement (lik og del) og oppfordringar til tagging av vener. No skal du sjå mindre frå sider du har likt.

Facebook-sjef Mark Zuckerberg skriv til og med at han vil at tida me nyttar på Facebook skal gå ned.

For private brukarar av Facebook er denne nyheita truleg bra. At sosiale media prøver å vera relevante kan umogleg vera negativt.

Kva betyr det for bedrifter at Facebook-sider vert endå meir nedprioriterte? Vert ikkje innlegg synlege lenger? Lyt ein no betala for alt innhald ein legg ut? Er det like greit å slutta å bruka Facebook som marknadsføringskanal?

Nei. Det er liten tvil om at det vert endå vanskelegare å nå fram med bodskapen på Facebook, men å kutta det ut er nok ikkje løysinga. Ein bør heller verta endå smartare, planleggja og vera meir målretta.

Kva bør ein så gjera? Lag godt, relevant og engasjerande innhald og bruk nokre kroner på Facebook-annonsering. Og for all del, ikkje bruk Facebook som ei heimeside for bedrifta. Det er risikosport.

Lurar du på meir rundt dette eller treng du hjelp til digital eller tradisjonell marknadsføring? Ikkje nøl med å kontakta oss!

Glynt